Ny forskrift

FOR-2014-06-30-925

Forskrift om overtredelsesgebyr etter dyrevelferdsloven tredde i kraft 30. juni 2014. No kan Mattilsynet, liksom ei rekkje andre tilsynsorgan, bruke lovbrotsgebyr som sanksjonsmedel ved brot på dyrevelferdslova. Heimelen for slikt lovbrotsgebyr står i dyrevelferdslova § 34, men har ikkje vore nytta før forskrifta vart sett i verk. Både fysiske personar og verksemder kan få eit lovbrotsgebyr om dei, anten forsettleg eller aktlaust, bryt reglane i dyrevelferdslova, eller dei kan få eit slikt gebyr i medhald av denne lova. Gebyret skal etter § 6 i forskrifta som hovudregel fastsetjast etter ei individuell vurdering og skal stå i høve til alvorsgraden i lovbrota. Grensene for gebyret er:

  • for fysiske personar: inntil 20 R, men minst 4 R
  • for verksemder: inntil 15 G, men minst 7 R

I § 7 er det sett opp utmålingar etter faste satsar for utvalde typar lovbrot.


Sist oppdatert 11/12/2014