Skilnad på naust og hytte

I følgje friluftslova kan ålmenta ferdast heilt inntil naustveggen. Har du ei hytte må folk halde seg lengre unna. Eit naust som er ulovleg tatt i bruk som hytte, fråtar i praksis folk flest rett til ferdsle i strandsona.

 
Ulovleg bygging
Av Are Eidissen, jurist, Øistein Aasland, prosjektleder og Ståle Øvrebø, jurist. Fylkesmannen i Hordaland.

 

Prosjekt ulovlege byggjetiltak

Fylkesmannen i Hordaland har oppretta ei prosjektgruppe som arbeider med ulovlege byggjetiltak. Målet er å redusere den ulovlege byggjeaktiviteten i fylket, med særleg fokus på strandsona. Det er kommunane som har ansvaret for å handheve plan- og bygningslova. Fylkesmannen si rolle er å rettleie kommunane om rett framgangsmåte. Vi har laga ei nettside om ”Ulovleg bygging og bruk” som skal bidra til dette informasjonsarbeidet.

 

Friluftsliv = ferdsle på annan manns grunn

Friluftslova frå 1957 gjev rett til ferdsle på annan manns grunn. Mykje av det arealet som vert brukt til friluftsliv, er eigd av andre privatpersonar.

Friluftslova gjev rett til ferdsle på annan manns ”utmark” når det ”skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.”

”Utmark” er alt som ikkje er definert som ”innmark” i friluftslova.

 

Ålmenta kan ikkje ferdast rundt hytteveggen

Etter friluftslova har ei hytte ei sone av ”innmark” rundt seg. Utgangspunktet er at ålmenta ikkje har rett å ferdast der. Det er tilhøva på staden som avgjer kor stor denne private sona er. Det ligg føre fleire dommar frå Høgsterett om storleiken på den private sona i konkrete høve.

 

Ålmenta har rett til ferdsle inntil naustveggen

Eit naust er ein stad for oppbevaring av båt og båtrelatert utstyr. Ein slik bygning har ikkje ”innmark” rundt seg etter friluftslova. Difor kan alle i utgangspunktet ferdast fritt heilt inntil naustveggen.

 

Kva er eit naust?

Fylkesplanen for Hordaland definerer naust slik: ”Naust er bygningar i strandsona som vert nytta til oppbevaring av reiskapar, utstyr, båtar og anna. Naust som skal nyttast til overnatting og er innreidde som bustad/fritidsbustad, kjem ikkje inn under dette omgrepet.”

I ”Store Norske leksikon” står det at eit naust er: ”båthus, hus for båter, sjøbruk, sjøklær, fiskeredskaper m.m.”

Miljøverndepartementet har i ei fråsegn frå 2006 sagt: ”Innredning av et båthus eller en sjøbod med kjøkken, bad og soverom vil etter departementets vurdering innebære en bruksendring.”

Fylkesmannen har lagt ut døme på vår nettside ”Ulovleg bygging og bruk” for å illustrere skilnaden på eit naust og ei hytte.

 

Ulovleg innreiing av naust

Når eit naust blir tatt ulovleg i bruk som hytte, vil det i praksis kunne hindre folk flest frå å bruke nærområdet.

Dersom eit naust er ulovleg innreidd med fleire soverom, kjøkken, stove og har straum/vatn/avløp, blir bruken av bygningen heilt annleis enn dersom naustet berre er tilrettelagt for oppbevaring av båt og båtrelatert utstyr.

Eit ulovleg innreidd naust, brukt som hytte, vil av ålmenta lett oppfattast som nettopp ei hytte. Ei hytte har som nemnd ei privat sone av ”innmark” rundt seg kor folk flest ikkje har rett til å ferdast. Det er difor naturleg at ålmenta ikkje ferdast tett opp til eit ulovleg innreidd naust brukt som hytte.

Eksempel på privatisering - nå-situasjon med naust

Foto/billedmontasje; Prosjekt ulovlege byggetiltak, Fylkesmannen i Hordaland v/Øistein Aasland
Prosjekt ulovlege byggetiltak

Eksempel på privatisering – situasjon der naustet har blitt til ei hytte

Foto/billedmontasje; Prosjekt ulovlege byggetiltak, Fylkesmannen i Hordaland v/Øistein Aasland
Prosjekt ulovleg byggetiltak

Ligg eit ulovleg innreidd naust nær eit område som er attraktivt for folk flest, til dømes ei badevik eller sva-berg for fiske, vil den ulovlege bruken i praksis kunne forhindre ålmenta frå å bruke utmarksområde slik dei har rett til etter friluftslova.

Den best eigna måten å forhindre ulovleg bruk av naust som hytte, er å sikre at naustet ikkje vert innreidd som ei hytte. Eit naust som er innreidd som ei hytte, må vi anta blir brukt som ei hytte. I tillegg krev ei innreiing av naustet som hytte søknad om bruksendring og som oftast også dispensasjon frå lov eller plangrunnlag.

Når nokon har fått løyve til å byggje eit naust, er det nettopp ein stad for oppbevaring av båt og båtutstyr og inga hytte dei har fått lov til å byggje. Grunnen til at det er gjeve løyve til eit naust og ikkje ei hytte, er ofte at folk flest skal ha tilgang til den strandsona som naustet er omringa av. Dersom naustet vert brukt som uthus/lagerbygning, vil heller ikkje ålmenta sin rett til ferdsle rundt naustet bli forhindra.

I tillegg er det andre krav til brannsikring, rømnings-vegar med vidare i eit naust enn i ei hytte. Overnatting i rom utan tilstrekkjelege rømningsvegar med brennbar propan og drivstoff i etasjen under er svært uheldig. Vi ser og døme på kloakk utan løyve frå naust og rett i sjø.

Mange kjøparar kan bli ”lurt” til kjøp av naust dei trur kan brukast som hytte, og betale en pris langt over reell marknadsverdi for naust til oppbevaring av båt. Eit ulovleg innreidd naust, selt som hytte, har ein langt større marknadsverdi enn eit naust for oppbevaring av båt.

Kommunen kan med loven i hand rette rivingspålegg mot noverande eigar, sjølv om han i god tru har kjøpt ei bygning han meinte kunne nyttast som hytte. Eit slikt rivingspålegg kan gje store økonomiske tap for godtruande nausteigar, som han eventuelt må rette krav om å få dekt frå seljar.

 

Det skal ikkje vere lettare å få tilgjeving enn løyve

Omgrepet ”Det er lettere å få tilgivelse enn tillatelse” verkar å ha festa seg til plan- og bygningsretten. Slik vil vi ikkje at det skal halde fram. Det skal ikkje vere lettare å få tilgjeving enn løyve. Vi kan ikkje akseptere at folk som tar seg til rette kjem betre ut av det enn dei som følgjer spelereglane.

 

Kommunalt ansvar

Det er kommunen som skal handheve at plan- og bygningslova vert etterlevd. Kommunen skal føre naudsynt tilsyn og gripe fatt i ulovleg bygging og bruk.

Kommunen kan opprette eigne gebyrfinansierte stillingar som arbeider med ulovlege byggjesaker. Utgifter knytt til oppfølginga av ei konkret ulovleg sak, kan takast inn som gebyr i den same saka.

 

Tilbakeføring til lovleg tilstand med tvangsmulkt

Etter dagens plan- og bygningslov kan ikkje kommunen gje bøter. Kommunen sitt viktigaste verkemiddel er å krevje tilbakeføring til lovleg tilstand. Kommunen kan også gje tvangsmulkt. Tvangsmulkt er ikkje ei bot, men et verkemiddel for å få gjennomført eit krav om tilbakeføring. Tvangsmulkta kan både vere eit eingongsbeløp og løpande dagsmulkt. Dersom tiltaket ikkje vert tilbakeført innan ein frist som kommunen set, vil tvangsmulkt påløpe. Vi har sett døme på tvangsmulkt i Hordaland på 200 000 kroner i eingongsmulkt saman med 500 kroner i dagsmulkt. Dei alvorlegaste tilfella bør meldast til politiet, til dømes ulovleg sprenging i strandsona. Politiet/domstolen kan gje bøter og inndra forteneste.

 

Ny plan- og bygningslov og nye verkemiddel

Bygningsdelen til ny plan- og bygningslov er venta å tre i kraft den 1. januar 2010. I den nye lova er det føreslått at kommunane kan gje ”overtredelsesgebyr”. Dette er eit straffeliknande gebyr som tilfell kommunen og kan ileggjast for brot på plan- og bygningslova. Det er pårekna at maksimalsatsen for dette gebyret blir opp mot 200 000 – 300 000 kroner.

 

Sikrar folk flest tilgang til strandsona

Det er eit kommunalt ansvar å sørgje for at naust ikkje vert innreidd i strid med den godkjende bruken. Kommunar som følgjer opp ulovleg innreiing av naust, bidrar til å sikre folk flest tilgang til strandsona i samsvar med friluftslova sine reglar om rett til ferdsle i ”utmark”.

 


Sist oppdatert 10/08/2009