Kor godt oversyn har vi eigenleg over miljøkriminaliteten?

I fleire styrande dokument kan vi lese om kor viktig politi- og påtalemakta si motarbeiding av miljøkriminalitet er. Men har vi eit truverdig oversyn over kriminaliteten? Eg trur diverre svaret er nei. So kva skuldast det i so fall, og kva kan vi gjere med det?

Av Politioverbetjent John Starheimsæter, Økokrim

Politi- og påtalemakta skal arbeide kunnskapsbasert. Til det treng vi mellom anna enkel tilgjenge til relevant og påliteleg statistikk. Dess betre oversyn vi har, dess betre strategiske og operative val kan vi gjere.

Tidlegare i år vart tre personar skadde, til dels alvorleg, i ei arbeidsulukke på Austlandet. Arbeidstilsynet melde saka til det lokale politidistriktet, som registrerte ho som undersøkingssak (Ulukke, teknisk: tak rasa saman). Slik eg ser det, skulle ho ha vore registrert som arbeidsulukke med personskade. Med dette på minnet, har eg freista å sjå nærare på korleis andre arbeidsmiljøsaker har vorte registrerte so langt
i år. Mykje tyder diverre på at dømet ovanfor ikkje er eineståande.

Kodeverket i straffesaksystemet vårt er delt i ymse statistikkgrupper. Her finn ein mellom anna hovudstatistikkgruppene arbeidsmiljølova og undersøkingssaker.

Arbeidsmiljølova er delt i:

  • arbeidsmiljølova, ymse
  • arbeidsulukke, død
  • arbeidsulukke, personskade
  • brot på internkontrollforskrifta
  • fare for arbeidsulukke
  • ulovleg overtid
  • yrkessjukdommar

Undersøkingssaker er mellom anna delt i:

  • ulukke, død/personskade
  • ulukke, teknisk

Med atterhald om feil, fordi gjennomgangen er overflatisk og avgrensa til berre nokre få av statistikkgruppene, kan det likevel sjå ut til at fleire saker under arbeidsmiljølova, ymse (14 %), ulukke, død/personskade (12 %) og ulukke, teknisk (31 %), er feilregistrerte dei ni fyrste månadane i år. Truleg skulle fleire av dei ha vore registrerte som arbeidsulukke med personskade.

Andre statistikkgrupper femner òg om arbeidsmiljøsaker; til dømes allmenngjeringslova og arbeidsmiljøforskrifta for Svalbard. Under vegtrafikklova kan det òg løyne seg arbeidsmiljøsaker. I fagboka Arbeidsmiljøkriminalitet kan vi lese at politiet fleire gonger har oversett at trafikkulukker der arbeidstakarar i transportverksemder er innblanda, skal sjåast på som arbeidsulukker. Desse sakene skal òg vurderast etter arbeidsmiljølova og dei skal leggjast fram for Arbeidstilsynet før påtale vert avgjort. Kor mange saker det gjeld, er det ikkje mogleg å seie noko sikkert om før ein har undersøkt nærare.

Feilregistreringane gjev sjølvsagt monalege hol i oversynet, både når det gjeld det totale omfanget av saker og saker under den einskilde statistikkgruppa. Vi får òg eit ufullkome bilete av tida som har gått med til sakshandsaming og det er i det heile særs vanskeleg å finne alle saker som i røynda handlar om arbeidsmiljøkriminalitet. I kva mon dette skuldast manglande kunne, slurv og/eller medviten omgåing av krava som mellom anna går fram av rundskrivet frå Riksadvokaten om arbeidsmiljøkriminalitet, er det ikkje lett å ha ei sikker meining om.

Dersom det er slike manglar i registreringane av arbeidsmiljøsakene, kan vi då feste lit til statistikken på dei andre områda innan miljøkriminalitet? Det er diverre nærliggande å tru at det ikkje står særleg betre til der. Kva kan vi i so fall gjere for å tette, eller iallfall minske, disse hola i oversynet?

For å kurere pasienten, må vi stille rett diagnose. Til det treng vi all relevant kunne. Eg trur det er trong for ein systematisk gjennomgang av problemstillinga. Tida synest mogen for å setje saman ei arbeidsgruppe med representantar frå etterforskarar og påtalejuristar, IT-kunnige og statistikarar. Oppdraget til gruppa bør være å vurdere systema og rutinane vi har i dag, å meisle ut framlegg om forbetringar av sjølve IT-systema, og å revidere statistikkgruppene. Arbeidet må sjølvsagt sjåast i samanheng med den allereie påbyrja IKT-satsinga i politiet. Vidare kan det være snakk om å lage betre nasjonale rutinar for registrering og å betre opplæringa av brukarane.


Sist oppdatert 16/12/2010