Økonomisk kriminalitet

Sist oppdatert 13.01.2015

Økonomisk kriminalitet er profittmotiverte, lovstridige handlingar som ofte skjer innanfor eller med utspring i ei økonomisk verksemd som i seg sjølv er – eller gir seg ut for å vere – lovleg.

Pengeseddel 50 kroner

Økonomisk kriminalitet rammar gjerne økonomiske eller ideelle samfunnsinteresser eller store organisasjonar som finansinstitusjonar eller industriselskap. Når det ikkje er enkeltpersonar som blir ramma, manglar det individuelle motivet for å melde sakene. Dermed blir det vanskelegare å oppdage lovbrota. Sakene er som regel kompliserte, og dei manglar gjerne dei ytre kjenneteikna som klart viser at det er snakk om lovbrot.