• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Omfattande tiltale mot to utbyggjarar

Sist oppdatert 28.04.2017

ØKOKRIM har teke ut ein omfattande tiltale for grov utroskap, grovt bedrageri og grovt rekneskapslovbrot mot to utbyggjarar i Trondheim.

Saka gjeld ein far og ein son, som kvar for seg er styreleiar og dagleg leiar i utbyggjarselskapet Prora Eiendom AS i Trondheim. Etter tiltalen skal 60-åringen og 37-åringen ha gjort seg skuldige i grov utroskap eller medverka til dette ved å overføre 40 millionar kroner frå utbyggjarselskapet til styreleiaren privat, og å ha skodd seg på aksjetransaksjonar dekte av selskapet.

Utbyggjarane er også tiltalte for grovt bedrageri etter at det vart inngått ein avtale om eit byggjelån på 165 millionar kroner i ein bank, der banken vart utsett for fare for tap. Etter tiltalen skal dei to ha presentert årsrekneskapar med resultat som var vesentleg for gode og med for høg eigenkapital i Prora Eiendom AS, og dei er av di tiltalte for grovt rekneskapslovbrot.

Siktingane for bedrageri mot investorar i denne saka er lagde bort av bevisgrunnar.

- Dette har vore ei kompleks sak å etterforske, og no er det tatt ut ein omfattande tiltale, seier førstestatsadvokat Bård Thorsen i ØKOKRIM.

Grov utroskap, grovt bedrageri og grovt rekneskapslovbrot har kvar for seg ei øvre strafferamme på seks års fengselsstraff. ØKOKRIM har samarbeidd med Trøndelag politidistrikt i etterforskinga av saka.

Iretteføringa for Sør-Trøndelag tingrett er førebels ikkje fastsett.

Kontaktperson: førstestatsadvokat Bård Thorsen tlf. 414 54 172, pressen kan få innsyn i tiltalen hos kommunikasjonsrådgjevar Mads Kleppe, tlf. 996 035 16, mads.kleppe@politiet.no