Prinsipiell dom om grov uordentleg forretningsførsel

Sist oppdatert 13.12.2012

I ei ØKOKRIM-sak er ein tidlegare prosjektleiar i eit selskap som stod bak utbygging av leilegheiter i Trysil dømt til ni månader i fengsel for grov uordentleg forretningsførsel.

Retten har lagt til grunn at byggeprosjektet ikkje hadde den naudsynte styring og kontroll, og at kreditorane som følgje av det blei påført omfattande tap. I tillegg blei han domfelt for brot på rekneskapslova. Seks av dei ni månadane av straffa er på vilkår. Han blei frifunnen for grovt bedrageri.

Frå før er tidlegare styreleiar og to styremedlemmar dømt for brot på rekneskapslova og bokføringslova i same sak.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Elisabeth Harbo-Lervik, tlf. 415 55 909