• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Seks tiltalte for grov dyrevelferdskriminalitet

Sist oppdatert 13.05.2017

ØKOKRIM har teke ut tiltale mot seks personar for grov dyrevelferdskriminalitet.

Fire menn og to kvinner er tiltalte for opptrening og bruk av hundar i grov dyrevelferdskriminalitet, som har ei strafferamme på tre års fengsel. Blant anna skal hundane ha blitt brukte til å angripe rev, grevling og villsvin, som ble bitne eller bitne i hel. Tre av  personane er òg tiltalte for ulovleg oppbevaring eller bruk av våpen.

- ØKOKRIM meiner å ha avdekt eit miljø som har brukt farlege hundar til ulovleg jakt på byttedyr der hundane er trente til ulovleg angrep på og forsvar av menneske utan løyve frå politiet, seier politiadvokat Inge-Svae Grotli i ØKOKRIM.

ØKOKRIM har samarbeidd om etterforskinga med Sør-Øst og Øst politidistrikt og fått hjelp frå Mattilsynet og Politiets hundeteneste.

Kontaktperson: politiadvokat Inge Svae-Grotli i ØKOKRIM, tlf. 976 67 043

For innsyn i tiltalene, send e-post til kommunikasjonsrådgjevar Mads Kvernen Kleppe, mads.kleppe@politiet.no, tlf. 996 03 516