• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Selskap fekk bot for forureining

Sist oppdatert 02.02.2015

I ei ØKOKRIM-sak har lagmannsretten dømt eit offentleg renovasjons- og avløpsselskap i Hedmark til å betale ei bot på 50 000 kroner for forureining. Verksemda sende i 2012 store mengder kloakk rett i Mjøsa.

Verksemda fekk først ei bot som dei ikkje vedtok. Dermed hamna saka i retten. Saka gjeld to tiltalepostar knytta til ukontrollert utslepp av 31 millionar liter ureinsa kloakk i Mjøsa.

Lagmannsretten frikjende selskapet for straffansvar for utsleppet, men bøtela likevel selskapet for svikt i internkontrollen som leidde til at utsleppet ikkje blei oppdaga før etter fire døgn.

I dommen frå lagmannsretten heiter det mellom anna: « Det vises for det første til at den allmennpreventive effekten av straff må antas å være meget god. Det budskap som sendes til avløpsbransjen ellers, og andre virksomheter underlagt HMS-regelverk, vil være at vedlikeholdsplaner som springer ut av plikter etter internkontrollforskriften, skal følges. Ressursknapphet kan i den forbindelse ikke begrunne utsettelser i månedsvis. For det andre er det tale om forsettlig brudd, ikke bare et uaktsomt, på en plikt etter internkontrollforskriften".

Begge tiltalepostar reiser prinsipielle problemstillingar kva gjeld straff mot føretak og straffenivået for brot på denne type internkontrollplikter. ØKOKRIM vurderer å anke dommen til Høgsterett.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Inge Svae-Grotli, tlf 976 67 043.