• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Skjerpa straff for korrupsjon og marknadsmanipulasjon

Sist oppdatert 08.05.2017

I ei ØKOKRIM-sak er den tidlegare styreleiaren i det børsnoterte selskapet Intex Resources ASA dømd til ei straff på fire år fengsel for grov korrupsjon, sjølvvasking og fleire brot på verdipapirlova.

Den tidlegare styreleiaren vart av Oslo tingrett i desember 2015 dømd til ei straff på fire år fengsel, eitt av dei på vilkår, i tillegg til inndraging av 6,5 millionar kroner og rettstap i fem år. No har Borgarting lagmannsrett skjerpa straffa til fire år vilkårslaust fengsel, inndraging av 6,5 millionar kroner og rettstap i fem år.

58-åringen har ifølgje dommen frå lagmannsretten gjort seg skuldig i korrupsjon og marknadsmanipulasjon, og ved å nytta innsideinformasjon oppmoda han til aksjekjøp, ga ulovlege råd og braut teieplikta. Juryen fann mannen skuldig i alle tiltalepostane i ankesaka.

- Sjølv om lagmannsretten fastsette ei lågare straff enn påtalemakta bad om, er det ei lang, vilkårslaus fengselsstraff. Ei slik straff har ein kraftig allmennpreventiv effekt, og det er vi nøgde med. I tillegg er det viktig at lagmannsretten har drege inn det økonomiske utbyttet den domfelte skaffa seg ved dei straffbare handlingane, seier statsadvokat Henrik Horn i ØKOKRIM.

I etterforskinga har ØKOKRIM fått viktig bistand frå styresmaktene i England, USA, Singapore, Russland, Kina, Hong Kong og Dei britiske Jomfruøyane.

Kontaktperson: statsadvokat Henrik Horn i ØKOKRIM, tlf. 91684157