Skjerpa straff i første sak i Høgsterett om vatnressurslova

Sist oppdatert 11.05.2011

I ei ØKOKRIM-sak har Høgsterett dømt ein dagleg leiar til fengsel i 90 dagar, hvorav halve tida er på vilkår. Ein byggeleiar fekk fengsel på vilkår i 21 dagar og ei bot på 50 000 kroner. Dermed er dommen frå lagmannsretten skjerpa.

Det var ved ei kraftutbygging i Sør-Trøndelag i 2006–2007 at den som var eigar og dagleg leiar i selskapet som stod for utbygginga, bygde ei 1400 meter lang nedgravd røyrgate heilt frå fjellet og ned til fjorden. I konsesjonen var det bestemt at vatnet skulle førast i tunnel gjennom fjellet. Tunnelløysinga ville berre vere synleg ved inntak og uttak, mens røyrgata gjorde eit omfattande inngrep i terrenget. Det handla mellom anna om irreversible inngrep som sprenging og total omkalfatring av jordmassane, som har ført til varige endringar i naturen i røyrgata. Bredda på røyrgata var 20–45 meter. Det vart også sett opp ein kraftstasjonsbygning på 96 kvadratmeter som det ikkje var søkt om. Den andre dømde, som var innleigd i prosjektet som byggeleiar, blei dømt for medverknad, og fekk 21 dagar på vilkår og 50 000 kroner i bot. Dommen slår fast at entreprenørar og andre som ein utbyggjar engasjerer i eit utbyggingsprosjekt, har eit sjølvstendig ansvar for at regelverk og styresmaktene sine vedtak vert følgde.

Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Tarjei Istad, tlf 996 24 976.