Lov og rett i cyberspace

Sist oppdatert 15.08.2011

Lov og rett i cyberspace er ei ny bok i ØKOKRIMs skriftserie. Boka dreier seg om strafferettslege og prosessuelle spørsmål som gjeld kriminalitet i elektroniske nett. Boka beskriv òg korleis norsk strafferett blir prega av internasjonale utviklingstrekk og folkerettslege forpliktingar.

22.12.2005

Lov og rett i cyberspace er ei bok i ØKOKRIMs skriftserie. Boka er skriven av Inger Marie Sunde. Ho har tidlegare vore leiar for Politiets datakrimsenter, som frå 1. januar 2005 vart overført til Nye Kripos.
 
Boka dreier seg om strafferettslege og prosessuelle spørsmål som gjeld kriminalitet i elektroniske nett. Boka beskriv òg korleis norsk strafferett blir prega av internasjonale utviklingstrekk og folkerettslege forpliktingar.
 
Målgruppa er først og fremst politiet, juristar (pålemakta, forsvararar) og domstolane, men boka er nyttig også for datatryggleik- og telekombransjane.
 
Boka er nummer 16 i ØKOKRIMs skriftserie, men må tingast frå Fagbokforlaget.