Tiltalt for grov utruskap på cirka 160 millionar kroner

Sist oppdatert 30.11.2012

ØKOKRIM har tiltalt ein tidlegare styreleiar i et oljeserviceselskap for grov utruskap mot selskapet på 27 millionar dollar, tilsvarande cirka 160 millionar kroner. Selskapet dreiv med olje- og gassverksemd, spesielt med offshoretenester i Vest-Afrika.

Mannen skal ha sørga for at selskapet betalte fleire fakturaer til to Panama-registrerte selskaper med bankkontoar i Sveits, utan at oljeselskapet fekk tilvarande motyting.

Han er i tillegg tiltalt for sjølvvask ved å ha sørga for at det blei overført cirka 12 millionar dollar til en trust han sjølv var reell eigar av. 

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Trude Stanghelle, tlf 928 06 758.