• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Tiltalt for grovt skattesvik

Sist oppdatert 04.03.2011

ØKOKRIM har tiltalt ein mann for grovt skattesvik på nær seks millionar kroner.

Påtalemakta legg til grunn at mannen mellom anna ikkje opplyste om inntekt på over 20 millionar kroner i sjølvmeldingane for 2000 og 2001, og at han til saman har lurt unna nær seks millionar kroner i skatt.

Mannen sørgde óg for at det i ei anna si sjølvmelding blei opplyst at denne hadde hatt eit tap ved sal av verdipapir på 1,8 millionar kroner som denne kravde frådrag for. Dette gjorde han trass i at denne personen ikkje hadde hatt slikt tap.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Trude Stanghelle: tlf 928 06 758.