• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Tiltalt for grovt skattesvik

Sist oppdatert 23.06.2009

ØKOKRIM har teke ut tiltale mot ein mann frå Sogn og Fjordane for grovt skattesvik på ca. 60 millionar kroner i samband med kjøp og sal av verdipapir.

Ifølgje tiltalen skal mannen ikkje ha oppgitt skattepliktige gevinstar for inntektsåret 2001 ved realisasjon av verdipapir med til saman 2 599 316 kroner. Vidare skal han ha oppgitt for høgt tap (som gir frådragsrett) på minst 57 417 175 kroner.

Det er teke ut subsidiær tiltale for rekneskapslovbrot under særleg skjerpande omstende dersom mannen sitt kjøp og sal av verdipapir rettsleg sett blir rekna som næringsverksemd.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf. 916 46 017.