• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Tiltalt for utruskap på over 300 millionar kroner

Sist oppdatert 23.03.2011

ØKOKRIM har tiltalt ein mann for grov utruskap på ca. 320 millionar kroner.

Mannen er som styreleiar i eit stålhandelselskap tiltalt for ha overførd over 300 millionar kroner frå selskapet til to selskap på Kypros og Isle of Man. Tiltalen gjeld ein periode på ca. 15 år. Han er dessutan tiltalt for grunnlaust å ha overførd sum tilsvarande over 50 millionar norske kroner frå selskapet sitt tyske systerselskap. Ingen av selskapa skal ha fått tilsvarande motyting.

ØKOKRIM starta etterforsking av mannen for eitt år sidan.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Marianne Steensen Bender, tlf. 902 04 300.