Tre års fengsel for korrupsjon

Sist oppdatert 07.11.2012

I ei ØKOKRIM-sak har Gulating lagmannsrett dømt ein mann til fengsel tre år for å ha tilbydd ein tidlegare Statoilkonsulent smørjingar. Dermed er dommen frå tingretten halde oppe.

 

Korrupsjonen omfattar smørjing på nesten fire og ein halv millionar kroner som hovudmannen i saka, ein Statoilkonsulent i Stavanger, mottok i perioden 2003 til 2007. Stikkpengane var betalt for å oppnå leveransar til Statoil. Det var avtalt at konsulenten skulle få ein del av det fakturerte beløpet.

Statoilkonsulenten blei i fjor dømt til fengsel i tre og eit halvt år for å ha tatt i mot smørjingar og ein annan mann blei i høst i same sak dømt til fire og eit halvt år for å ha tilbydd smørjingar.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Helene Bærug Hansen, tlf 938 03 380.