Tre personar tiltalt for bedrageri mot bank

Sist oppdatert 06.02.2012

ØKOKRIM har tiltalt tre personar for bedrageri mot ein bank på over åtte millionar kroner.

Bedrageriet skal ha skjedd ved kjøp av ein eigedom på Austlandet. ØKOKRIM meiner at to av dei tiltalte mellom anna skreiv under på lånedokument som ikkje stemde med dei verkelege tilhøva då lånet vart etablert. Den tredje tiltalte var den reelle kjøparen. Handlinga førde til tap eller fare for tap for banken.  

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Jens H. Bachke, tlf. 959 98 403.