Åtte år i fengsel for grov utruskap og grov sjølvvask

Sist oppdatert 04.03.2014

I ei ØKOKRIM-sak har Oslo tingrett dømt ein tidlegare styreleiar i Marine Subsea AS til åtte år i fengsel for grov utruskap mot selskapet på cirka 155 millionar kroner og grov sjølvvask på 75 millionar kroner. Han blei frifunnen for korrupsjon.

I dommen heiter det: «Retten mener (domfelte) har hatt en sentral rolle i utroskapen mot Marine Subsea (…) Hvitvaskingen omfatter store beløp (…) Det foreligger ingen formildende momenter som bør få betydning ved utmålingen».

Marine Subsea AS dreiv oljeserviceverksemd med fokus på offshore i Vest Afrika, særlig Angola. Selskapet hadde store kontraktar med statsoljeselskapet i Angola - Sonangol.

Utroskapen blei gjennomført ved at at styreleiaren sørga for at det blei betalt fleire fakturaer til to Panama-registrerte selskap med bankkonti i Sveits, utan at oljeselskapet fekk tilvarande motyting.

Han blei også dømt for sjølvvask ved å ha sørga for at det blei overført cirka 75 millonar kroner til ein trust i Sveits han sjølv var reell eigar av. I tillegg blei han frådømt retten til å drive næringsverksemd og til inndraging av cirka 78 millonar kroner som er han sitt utbytte av det straffbare tilhøvet. I tillegg er han dømt til å betale erstatning til konkursboet til Marine Subsea AS.

Kontaktperson i ØKOKRIM: Førstestatsadvokat Trude Stanghelle, tlf 928 06 758.