Punktum satt i innsidesak

Sist oppdatert 12.05.2014

I ei ØKOKRIM-sak har Høgsterett sitt ankeutval avvist anka frå tre menn som i februar i år blei dømt til fengsel i høvesvis fire, fem og fire månader for misbruk av innsideinformasjon. Dommen mot dei tre er dermed rettskraftig.

Aksjekjøpa deira skjedde i samband med at Eltek ASA selde dotterselskapet Nera Networks AS i januar 2011.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Jul Fredrik Kaltenborn, tlf 984 07 165