Fengsel for grov korrupsjon mot bank

Sist oppdatert 13.09.2013

I ei ØKOKRIM-sak har Follo tingrett dømt ein eigedomsinvestor og ein tidlegare DNB-ansatt for grov korrupsjon. Straffa er satt til fengsel i høvesvis eitt år og åtte månader og eitt år og fire månader. Eigedomsinvestoren betalte i løpet av to år cirka 400 000 kroner i stikkpengar til den DNB-ansatte som behandla lånesøknadar.

Lånesøknadane var fra folk som kjøpte seg inn i eigedomsinvestoren sine prosjekter.

Frå før er ein tidlegare banksjef dømt til fengsel i åtte månader for grov korrupsjon for sin rolle som mellommann i samme sak.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Jens Bachke, tlf 959 98 403