• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Millionbot til fiskeavlselskap for urett rapportering

Sist oppdatert 06.11.2013

ØKOKRIM har gitt ei bot på 2,3 millionar kroner til eit fiskeavlselskap for manglande journalføring og urett rapportering til styresmaktene om mellom anna omfanget av lakselus. Dette er første straffereaksjon for slik omfattande feilrapportering innanfor fiskeavlsnæringa. Selskapet har vedteke bota.

Bota gjeld fleire straffbare tilhøve. Dei mest alvorlege tilhøva er knytta til at selskapet har gitt Mattilsynet urette rapportar om telling av lakselus og om storleiken på merdeposane som fisken går i. Korrekt informasjon om dette er naudsynt for forvaltninga sin kontroll med oppdrettsnæringa. Førelegget gjeld også to mindre lakserømmingar i 2010.

ØKOKRIM meiner bota er prinsipielt viktig fordi urett informasjon undergrev både styresmaktene sin kontroll med fiskehelsa og tiltrua til næringa.

I tillegg til bota er det teke ut tiltale mot produksjonssjefen i selskapet for feilinformasjon til Mattilsynet.

Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Aud Slettemoen, tlf. 488 87 972