Tiltalt for skattesvik og utruskap på over 25 millionar kroner

Sist oppdatert 19.12.2013

ØKOKRIM og Agder politidistrikt har teke ut tiltalar mot to personar for omfattande meirverdiavgiftsbedrageri, skattesnytingar, utruskap, sjølvvask og brot på rekneskapslovgivinga.

Handlingane er utførde i tilknyting til tenester levert til ei bakeriverksemd på Austlandet.  Dei tiltalte skal blant anna ha fått produsert fakturaer for fiktive tenester på til saman 37 millionar kroner og pengane som blei betalte gjekk blant anna til å betale «svart» arbeidskraft og til dei tiltalte som utbytte. Utbyttet er forsøkt kvitvaska ved ei rekkje transaksjonar til konti i Noreg og utlandet.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Joakim Ziesler Berge, tlf. 488 87 986