• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Advokat dømt til fengsel for grovt heleri

Sist oppdatert 23.01.2014

I ei ØKOKRIM-sak har Oslo tingrett dømt ein advokat til fengsel på vilkår i ni månader for grovt heleri. Advokaten stilte sin konto til disiposisjon for 2,4 millionar kroner som kom frå ein eigedomskonsulent i samband med salet av eit hotell.

Det var i 2007 at advokaten tok imot 2,4 millionar kroner til sin konto frå ein eigedomskonsulent i samband med salet av eit hotell i Sverige. Etter at pengane var komen inn på advokaten in klientkonto videreførde han pengane i to omganger. Dette salet er eit av bedrageria i saka mot Christer Tromsdal, eigedomskonsulenten og ein tidlegare kunsthandlar.

I dommen heiter det at det ”i skjerpende retning vises til det grove tillitsbrudd tiltalte har utvist ved å bistå med hvitvasking av mer enn 2,4 millioner kroner. Advokaters oppgave er å fremme rett og hindre urett (…) De har en viktig funksjon i samfunnet med en særlig tillit i kraft av sin stilling. Det er viktig at denne tilliten opprettholdes, og allmennpreventive hensyn tilsier en streng reaksjon”

Seks andre personar, mellom anna ein annan advokat, er så langt dømt i same sakskompleks.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Anne Allum, tlf 415 38 395