Nekta gjenopptaking av skattsviksak

Sist oppdatert 04.02.2014

I ei ØKOKRIM-sak har Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker (Gjenopptakingskommisjonen) ikkje teke til følgje krav om ny behandling av saka til ein tidlegare administrerande direktør i eit teknologifirma. Fengselsstraffa på eitt og ei halvt år, der halvparten er på vilkår, og ei pengestraff, blir dermed ståande.

Oslo tingrett avsa dom i skattesaka i november 2012. Domfelte anka, og ØKOKRIM motanka. Lagmannsretten kom til at både anka og motanka skulle behandlast på nytt. Hausten 2013 trekte domfelte anka si, slik at også motanka fell bort. Med det blei Oslo tingrett sin dom rettskraftig. I november 2013 bad domfelte om å at skattesaka blei opna igjen av Gjenopptakingskommisjonen.  I avgjerd av 22.januar 2014 har Kommisjonen kome til at saka ikkje skal takast opp igjen.

Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Henrik Horn, tlf. 916 84 157