Fengsel for misbruk av innsideinformasjon

Sist oppdatert 19.02.2014

I ei ØKOKRIM-sak har lagmannsretten dømt tre menn til fengsel i høvesvis fire, fem og fire månader for misbruk av innsideinformasjon. Aksjekjøpa deira skjedde i samband med at Eltek ASA selde dotterselskapet Nera Networks AS i januar 2011.

Lagmannsretten har dermed kome til eit heilt anna resultat enn tingretten som frifann dei tre tiltalte. I dommen frå lagmannsretten heiter det: «Ved straffutmålinga tar lagmannsretten utgangspunkt i at allmennpreventive omsyn tilseier at det bør bli reagert strengt mot denne typen brotsverk. Innsidehandel er svært skadeleg for tilliten til verdipapirmarknaden og er vanskelig å avdekkja. Lagmannsretten meiner at eit strengt straffenivå er særleg viktig med tanke på å forebygge denne typen kriminalitet». Dei domfelte måtte også tole inndraging av vinninga og betale sakskostnadane.

Kontaktperson i ØKOKRIM:statsadvokat Henrik Horn, tlf 916 84 157