• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Dømd til inndraging av utbytet i korrupsjonssak

Sist oppdatert 03.07.2014

I ei ØKOKRIM-sak har Stavanger tingrett dømt ein tidlegare korrupsjonsdømd til inndraging av heile utbytet på 4 719 019 kroner som det eineeigde AS-et hans tente på avtalar vunne ved hjelp av stikkpengar.

Den domfelte var rettskraftig dømd til fengsel i 4 år og 6 månader for å ha betalt stikkpengar til ein Statoil-konsulent. Stikkpengane betalte han dels for å oppnå leveransar til Hydro/StatoilHydro/Statoil, og dels i samband med fiktiv fakturering mot Statoil ASA. Dei hadde avtalt at konsulenten skulle få ein viss del av fakturasummen.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Linn Eckhoff Dolva, tlf. 901 80 017.