Ein tidlegare rekneskapssjef i Gartnerhallen og ein leverandør er av Oslo tingrett dømd for grovt underslag av høvesvis 49 millionar kroner og 45,6 millionar kroner. Leverandøren vart også dømd for forsikringsbedrageri på om lag 925.000 kroner og fekk fem år og 10 månadar i fengselsstraff. I dommen heiter det at leverandøren "har hatt den sentrale rollen, ved å være pådriver for underslaget".

Den tidlegare rekneskapssjefen vart dømd til fire år i fengsel. Tingretten skriv at "sterke allmennpreventive hensyn gjør seg gjeldende ved straffutmåling for grovt underslag. Denne typen økonomisk kriminalitet begås av ressurssterke personer, og er vanskelig å oppdage". Rekneskapssjefen tilsto og fekk 20 prosent rabatt av domstolen.

Dei to vart sikta i saka etter ei melding frå Gartnerhallen i juni i 2017, og er dømd til å solidarisk betale om lag 48,3 millioner i erstatning til Gartnerhallen. Regnskapssjefen må i tillegg betale 3,5 millioner i erstatning til Gartnerhallen. Bonden må betale om lag 900.000 kroner i erstatning til Gartnerhallen.

- Dette er ei alvorleg og omfattande sak, og syner hvor viktig det er å ha gode kontrollrutiner på plass. ØKOKRIM er nøgd med dommen, seier førstestatsadvokat Geir Kavlie i ØKOKRIM.

Kontaktperson: Førstestatsadvokat Geir Kavlie i ØKOKRIM, telefon 410 24 592.