environmental-crime-report_2014_brosjyre.jpgDen nyleg publiserte rapporten der EUROJUST for første gong tek for seg miljøkriminalitet, rettar merksemda mot tre område:

  • handel med utrydningstrua artar
  • ulovleg handel med avfall
  • forureining av overflatevann

Innafor desse emnene har EU undersøkt dei nasjonale tilsynsstrukturane, kva fagkompetanse som er tilgjengeleg, og moglege løysingar.

I oppsummeringa av resultata understrekar EUROJUST at miljøkriminalitet er svært innbringande samstundes som straffene er låge. Dei understrekar òg at det altfor sjeldan blir rapportert om ulovleg handel med avfall, der organiserte kriminelle grupper kan være involverte, eller at desse sakene ganske enkelt ikkje blir følgde opp.

Rapporten byggjer mellom anna på innspel frå dei europeiske landa (inkl. Noreg), og ein hevdar i rapporten at nasjonale styresmakter i stor grad har mislukkast i arbeidet sitt mot grensekryssande miljøkriminalitet.

Som eit primærforslag til løysing på dei nedslåande resultata påpeiker  EUROJUST at etterretning er heilt naudsynt i arbeidet med slik kriminalitet. Ein må utvikle betre og meir etterretningsarbeid på nasjonalt nivå på tvers av sektorane, der alle relevante etatar deler informasjon og kompetanse. Involverer ein EUROJUST tidleg i prosessen, kan ein dra veksler på ei sentral koordinering og felles etterforskingsteam med meir.