Tekst: Miljøkrimredaksjonen

Dette har mellom anna ført til at viktige arkeologiske kulturminne er blitt oppdaga rundt om i heile landet, og tusenvis av arkeologiske gjenstandar har blitt innlemma i samlingane til dei arkeologiske forvaltingsmusea.

Riksantikvaren har no skrive eit forslag til retningslinjer for privat bruk av metallsøkjar. Føremonnet med retningslinjene er å sikre at arkeologiske kulturminne og privat bruk av metallsøkjar blir handsama på ein einsarta og forsvarleg måte over heile landet.

Riksantikvaren ønskte ei brei involvering i arbeidet, og sendte difor utkastet på høring til alle fylkeskommunane, Sametinget, dei arkeologiske forvaltingsmusea, NIKU og metallsøkjarlaga.

I arbeidet med retningslinjene for privat bruk av metallsøkjar har Riksantikvaren også vurdert ulike løysingar for dispensasjon frå kulturminneloven § 3, jf. § 8, som gjeld privat bruk av metallsøkjar på automatisk freda kulturminne i pløgd mark. Ei mogleg løysing som vart skissert i forslaget, var at fylkeskommunane og Sametinget, eller dei arkeologiske forvaltingsmusea, får delegert mynde til å gje løyve til privat metallsøk på automatisk freda kulturminne i pløgd mark.

Miljøkrim kjem tilbake med ein fyldigare artikkel om emnet når retningslinjene er fastsette. Les meir: Artikkel «Metalldetektor til nytte og besvær» i Miljøkrim 2/2013.