Mannen er dømd for grovt trygdebedrageri på ca. 500 000 kroner. I tillegg er han dømd for å ha forsøkt å svindle staten ved å utnytte tilskotsordningane som blei etablerte under pandemien, med ca. 1,3 millionar kroner.
– Støtteordningane som blei utvikla under pandemien, var viktige i ein krisesituasjon, men dei var òg sårbare for svindel og utnytting frå kriminelle, seier førstestatsadvokat Petter Nordeng i Økokrim.
Koronabedrageri
Då Noreg stengde ned i 2020, innførte regjeringa ei rekke støtteordningar for både privatpersonar og bedrifter som blei ramma økonomisk av pandemien.
Domfelte hadde på vegner av ei foreining søkt om kompensasjon for seks arrangement som ifølge domfelte ikkje kunne gjennomførast på grunn av pandemien. I søknaden opplyste han til myndigheitene at arrangementa skulle haldast i desember 2021. Arrangementa var fiktive, for det var aldri planar om å halde dei.
– Domfelte sende inn søknadane for å få ei pengestøtte som han ikkje hadde rett på, seier Nordeng.
Lotteri- og stiftelsestilsynet hadde eit løpande samarbeid med Økokrim under pandemien. Tilsynet fekk mistanke om at desse arrangementa ikkje var reelle. Dei let derfor vere å utbetale pengane og melde saka til Økokrim.
– Det har vore eit nyttig samarbeid for å førebygge og avdekke misbruk som har gitt konkrete resultat. Denne dommen viser at misbruk kan få alvorlege konsekvensar, seier avdelingsdirektør Marianne Skjeldestad Hove i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Pågripen i Bulgaria
Domfelte er òg dømd for grovt trygdebedrageri på ca. 500 000 kroner fordi han mottok sjukepengar og arbeidsavklaringspengar frå NAV mens han oppheldt seg i Tyrkia.
Økokrim mottok politimeldinga frå Lotteri- og stiftelsestilsynet hausten 2022 og opna etterforsking i saka. Domfelte blei etterlyst. I januar 2025 blei han pågripen og utlevert frå Bulgaria. På grunn av unndragingsfare blei han varetektsfengsla i Noreg fram til dommen i tingretten.
– Saka viser at politiet klarer å straffeforfølge kriminelle, sjølv om gjerningspersonen forlet Noreg og oppheld seg i eit anna land, seier Nordeng.
Dommen er rettskraftig.
Kontakt:
Petter Nordeng
Førstestatsadvokat i Økokrim
Tlf: 916 46 017
kommunikasjon.okokrim@politiet.no
Tlf: 23 29 10 30 (08.00-15.00)
Marianne Skjeldestad Hove
Avdelingsdirektør for frivillighetsstøtte i Lotteri- og stiftelsestilsynet
Tlf: 90 79 60 89