Hogstselskapet er av Økokrim ilagt eit førelegg på fire millionar for grovt brot på naturmangfaldlova. Selskapet har frist på 15 dagar til å vedta førelegget, om ikkje går saka til retten.
Hønsehauken er totalfreda
Ved ulovleg hogst vert skog felt eller fjerna i strid med lovar og reglar som skal verne sårbar natur og truga arter. Hønsehauken er oppført på raudlista som sårbar, og er totalfreda. Artsdatabanken trekkjer fram skogbruk som ein av dei største trugslane mot denne arten.
– I denne saka hadde hogstselskapet informasjon tilgjengeleg i databasen Sensitive artsdata om at det fanst hønsehaukreir i området, men det valde likevel å hogge utan å sjekke denne informasjonen, seier førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland.
Uopprettelege konsekvensar
Økokrim sin temarapport om ulovleg hogst frå oktober 2024 viser til at få saker vert melde til politiet.
– Det er viktig at saker som omfattar ulovleg hogst vert melde til politiet. Sjølv om mange av lovbrota isolert sett kan verke lite inngripande, kan dei samla skadane vere alvorlege og uopprettelege, seier Høviskeland.
Når store, samanhengande skogsområde vert delt opp, vert det vanskelegare for artar å forflytte seg mellom dei naturlege leveområda deira og tilpasse seg klimaendringane. Truga artar kan miste reirplassar, matkjelder, skjul og mikroklima. Den ulovlege hogsten rammar dermed heile økosystem som har brukt hundrevis av år på å utvikle seg.
– Førelegget på fire millionar kroner speglar alvoret i saka. Ulovlege uttak av reir av truga artar er alvorleg kriminalitet. Vi vonar denne saka vil få ein allmennpreventiv effekt, seier Høviskeland.
Saka vart meld til politiet av Birdlife Norge.