Miljøkrim er eit fagblad frå Økokrim. Fagbladet kjem to gonger i året og inneheld artiklar om relevante tema innanfor miljøkriminalitet.
Miljøkriminalitet er samfunnstruande kriminalitet
Nyleg kom Økokrim ut med ei eiga trusselvurdering om miljøkriminalitet. Trusselvurderinga slår fast at miljøkriminaliteten er omfattande, alvorleg og samfunnstruande.
– Miljøkriminalitet er ofte profittmotivert og organisert, og kan få store konsekvensar for samfunnet, naturen, liv og helse. Det er viktig at vi tek denne kriminaliteten på alvor, seier ansvarleg redaktør og førstestatsadvokat i Økokrim, Hans Tore Høviskeland.
Studietilbod skal auke kompetansen på miljøkriminalitet i politiet
I desember starta det første studiet i den nye studieporteføljen til Politihøgskolen innan miljø- og fiskerikriminalitet – «Introduksjon til etterforsking av miljø- og fiskerikriminalitet». Denne våren har ei arbeidsgruppe med personar frå politidistrikta, påtalemakta, Økokrim, Sysselmeisteren på Svalbard, Fiskeridirektoratet og Politihøgskolen revidert studieporteføljen. 145 av dei 150 som søkte om plass på nettstudiet, fekk tilbod.
– Kunnskap og kompetanse om miljøkriminalitet er viktig for effektiv nedkjemping av denne samfunnstruande kriminaliteten. Vi treng kompetanse, kunnskap og eit større fokus på miljøkriminalitet i politiet. Det er derfor gledeleg at det nye studiet er i gang, seier Høviskeland.
I den ferske utgåva av Miljøkrim kan du òg lese meir om
• miljøjuristane i politiet
• dommar og førelegg, blant anna ei vedteken føretaksstraff på éin million for brot på naturmangfaldlova
• kulturminnekriminalitet og strafferettsleg inndraging
• ulovleg jakt
• småviltjakt og forbod mot blyhagl
• ulovleg handel med trua artar
