Finansdepartementet føreslår i ei høyring at høvet til å forlenge inndragningskravet med to år vert fjerna for saker som gjeld utleggstrekk. I røynda vil det kunne bety at enda fleire krav kan bli raskare forelda. 


I dag er den absolutte foreldingsfristen på 10 år, men det finns eit unntak ved utleggstrekk. Då kan inndragingsfristen utvidast med to år. Lovforslaget til Finansdepartementet vil bety at dette unntaket forsvinn. 


–  Det er urimeleg at ein absolutt foreldingsfrist på 10 år i røynda vil verne kriminelle. Det nye lovforslaget kan gjere inndraging mindre effektivt, og ein risikerer at kriminelle får behalde utbyttet frå straffbare handlingar, seier Økokrim-sjef Pål Lønseth.

 

Inndragingskravet kan bli illusorisk ved alvorlege straffesaker 
Ein dom på inndraging vil ofte vere kombinert med ei lengre fengselsstraff. Under soning blir det sjeldan kravd inn pengar, ettersom den domfelte ikkje mottek korkje lønn eller trygd. Fleire år i fengsel for kriminelle i alvorlege straffesaker kan difor bety at inndragingskravet allereie er forelda før eller kort tid etter fullført soning. Dermed kan den domfelte potensielt få behalde utbyttet frå dei straffbare handlingane. 


Tidkrevjande utanlandsetterforsking kan også føre til at krav blir forelda og dermed ikkje lenger er gyldige. Både Økokrim og Kripos har eksempel på saker der utbytte er skjult i utlandet, og det har teke meir enn 10 år å finne og seinare få utlevert utbyttet til Norge. 


–  Med ein absolutt foreldingsfrist for inndraging gjev det den domfelte, i strid med intensjonen bak inndragingsreglane, eit insentiv til å forsøke å gøyme bort utbytte frå straffbare handlingar, slik at midla blir haldne unna innkreving, seier Lønseth.

 

Auka merksemd om inndraging i politiet
Politiet har dei siste åra retta stadig større merksemd mot inndraging som tiltak, og det er iverksett fleire tiltak for å styrke arbeidet med inndraging av utbytte frå kriminelle handlingar. Økokrim meiner ein bør greie ut om inndragingskrav bør vere underlagd den generelle foreldingsfristen på 3 år etter foreldingslova, der ein òg har høve til å forlenge fristen, i staden for ein absolutt foreldingsfrist på 10 år. 


–  Vi må unngå at kriminelle får behalde utbyttet sitt frå straffbare handlingar. Får ein høve til å forlenge fristen, vil kravet om inndraging ikkje bli forelda for tidleg, men kan i staden bli forlenga i alvorlege saker. Dette vil gjere inndraging meir effektivt når den kriminelle sonar ei lang fengselsstraff eller skjuler utbyttet sitt i utlandet, legg Lønseth til.

 

Les heile høyringssvaret vårt her.