Faren er dømd til fengsel i to år og seks månader, medan sonen er dømd til fengsel i to år og tre månader. Det er seks og sju månader strengare enn dommen i tingretten. I tillegg blei begge dømde til å betale ein bot på 145 000 kroner.

Oppsøkande handverkarar
Mennene utførte målaroppdrag ulike stader på Austlandet i 2020 og 2021. Verksemda gjekk føre seg gjennom to enkeltpersonføretak som var registrerte på to av døtrene til mannen, som på denne måten blei brukte som stråpersonar. Samla sørgde faren og sonen for at omsetninga frå målaroppdraga, på over 8 millionar kroner, ikkje blei oppgitt til skattemyndigheitene.

– I denne saka blei døtrene til dei domfelte nytta som stråpersonar ved at enkeltpersonføretaka var registrerte på dei. Dei domfelte opererte òg med ei rekkje ulike namn. Dette gjorde det vanskeleg og ressurskrevjande å etterforske saka, seier politiadvokat Maja Salhus Røed i Økokrim.

Auka fokus på inndraging i politiet
I tillegg til fengselsstraff er faren dømd til inndraging av kontantar og to Rolex-klokker. Sonen er dømd til inndraging av to Rolex-klokker og ein Mercedes AMG Roadster. Samla inndraging er på over 2 millionar kroner.

Politiet har styrkt innsatsen sin for å inndra pengar og formuesgode frå kriminalitet, mellom anna gjennom Økokrim si satsing på inndraging i regionar over heile landet.

Fleire liknande saker med bruk av stråpersonar
Økokrim og politiet har hatt fleire liknande saker for retten. Felles for sakene er at føretaka skaffar kundar gjennom oppsøkande verksemd eller anbodstenester. Innehavaren av føretaket er ofte ein stråperson, og dei fører verken rekneskap eller rapporterer meirverdiavgift og skatt til offentlege styresmakter. Føretaka har ikkje registrerte tilsette og nyttar utanlandsk arbeidskraft.

– Stråpersonar blir ofte nytta av kriminelle for å skjule lovbrot. Det er viktig at slike saker blir avdekte, og at dei blir straffa strengt, då kriminaliteten er svært konkurransevridande og samfunnsskadeleg, seier Salhus Røed.


Saka er ikkje rettskraftig.

Kontakt: 
Maja Salhus Røed 
Politiadvokat i Økokrim 
kommunikasjon.okokrim@politiet.no
23 29 10 30 (08.00–15.00)