Skogen vernar mot effektane av klimaendringar mellom anna ved å hindre flaum, erosjon og skred. Med meir ekstremvêr i vente kan ulovleg hogst få langt meir skadelege konsekvensar for samfunnet framover enn kva vi hittil har sett.
 
Det er i mange tilfelle alvorleg miljøkriminalitet. Det dreier seg om ulovleg hogst av store områder og enkelttrær. Ofte skildrast tilfella som lite inngripande, men samla kan skadane vere alvorlege og irreversible, seier førstastatsadvokat og leiar av miljøkrimeininga i Økokrim, Hans Tore Høviskeland. 
 
Det offentlege må passe betre på skogen
Økokrim sin rapport har tatt for seg alle meldingar etter skogbrukslova og naturmangfoldloven i perioden januar 2021 til juli 2023. Meldingane gjeld blant anna føretak som hogstselskap, skogeigarar, entreprenørselskap og kommunar. Også privatpersonar er melde, eksempelvis for hogging i naturreservat og på andre sin eigedom. 
 
Det er kommunane som er førsteinstans i den offentlege forvaltninga av skog. Dei har og ansvaret for å føre tilsyn med at avgjerdene i lova blir overhaldne. Likevel kjem dei fleste meldingar frå naturvernorganisasjonar og privatpersonar. Høviskeland etterlyser meir offentleg tilsyn. 
 
Mange saker blir lagt vekk 
Brot på skogbrukslova kan innebere alvorleg miljøkriminalitet. Det er få meldingar og nær alle saker blir lagde bort, noko som indikerer at trugselen om straff etter skogbrukslova er lite reell. 
 
Rapporten peiker på at regelverket opplevast som komplekst, uoversiktleg og lite tilgjengeleg. Skogbrukslova er skjønnsmessig og har få klare plikter. No ønskjer Økokrim i større grad å følgje opp og støtte politidistrikta. Høviskeland ønskjer seg og ei tydelegare skogbrukslov. 
 
Når lokale politidistrikt har liten erfaring med å etterforske slike saker, lova er skjønnsmessig og straffetrugselen i skogbrukslova er lav i forhold til anna miljølovgjeving, medfører det at sakene blir vanskelege å prioritere samt etterforske og påtale, seier Høviskeland.
 
Du kan lese heile rapporten her: Temarapport - Ulovlig hogst.pdf