Det er opp til myndigheitene å regulere rovviltbestanden og opp til staten å forvalte rovviltet. Staten bruker store ressursar på å ivareta eit forsvarleg biologisk mangfald. Dei store rovdyra i Noreg er trua av utrydding og derfor freda. 

 -    Du kan ikkje ta lova i eigne hender og skyte rovvilt, berre fordi du sjølv meiner det er rett. Ulovleg jakt på desse dyra er alvorleg miljøkriminalitet, seier førstestatsadvokat i Økokrim, Hans Tore Høviskeland.

Politiet mottar ei rekke tips om ulovleg jakt på rovvilt og samarbeider med miljøforvaltninga. Det er likevel krevjande å vurdere det reelle omfanget og etterforske sakene, ettersom lovbrota ofte skjer utmark med lite kontrollverksemd. 

-     Den ulovlege jakta involverer ofte brutale fellingsmetodar og utset dyra for store lidingar, seier Høviskeland.

Trua av utrydding
Dei fire store rovdyra i Noreg, ulv, jerv, bjørn og gaupe, er alle kategorisert som trua artar på den norske raudlista. Det betyr at det er høg til ekstremt høg risiko for at arten blir utrydda frå norsk natur. Konsekvensane av ulovleg jakt kan derfor vere svært alvorlege. 

-    Rovvilt er ein del av det biologiske mangfaldet, som det er viktig å bevare. Det er ein grunn til at desse dyra er freda, seier Høviskeland.

Fleire store saker i Noreg, Sverige og Finland 
Økokrim-rapporten viser at ulovleg jakt er eit utbreitt problem både i Noreg, Sverige og Finland. Berre det siste året har det vore fleire store straffesaker i Norden: 
•    I Noreg er ti menn sikta av Økokrim for ulovleg, organisert jakt på ulv.
•    I Sverige er fem nordmenn og ein svenske tiltalt for ulovleg jakt på bjørn. 
•    I Finland er 26 personar, blant anna ein lokalpolitikar, dømde for eit stort omfang av ulovleg og organisert jakt på fleire dyr, blant anna ulv og gaupe. 

Det er viktig å ta saker som gjeld ulovleg felling, alvorleg.
-    Desse sakene viser at ulovleg jakt på freda dyr er eit problem, både i Noreg og internasjonalt. Dei viser òg at slik miljøkriminalitet blir tatt på alvor og prioritert, seier Høviskeland.

Rapporten er utarbeidd av etterretningseininga ved Økokrim og har som formål å auke kunnskapen om ulovleg jakt på rovvilt i politiet og i befolkninga.

Kontakt:
Hans Tore Høviskeland
Førstestatsadvokat i Økokrim 
Tlf.: 916 46 013

kommunikasjon.okokrim@politiet.no 
Tlf.: 23 29 10 30 (08.00–15.45)

Last ned og les rapporten i PDF