Overfaktureringa skjedde mellom anna ved at SBS i strid med vilkåra for kontrakta rekna for høg grad av dekning ved fakturering av dataleveransar og/eller nytta høgare kostpris på datautstyr enn verkeleg kostpris og/eller ikkje ajourførde Godkjend Produktliste (GPL). Slik fakturerte SBS etter Økokrim si meining Forsvaret for ein høgare pris enn det SBS hadde rett til. Overfaktureringa førde til eit tap eller fare for tap for Forsvaret på meir enn 60 millionar kroner.

Økokrim byrja å etterforske saka etter at Dalseide-utvalet kom med sine konklusjonar. Det offentlege nedsette Dalseide-utvalet granska IKT-kontraktar i Forsvaret og konkluderte at det i samband med slike kontraktar kunne ha gått føre seg korrupsjon og overfakturering av personell knytta til Forvaret.

Kontaktperson i Økokrim: Statsadvokat Geir Kavlie, tlf 410 24 592