Bedrageria er utførde overfor fleire bankar / finansieringsverksemder, og gjeld også trygdesvindel og brot på meirverdiavgiftslova. Den domfelte har dei siste fem åra mellom anna brukt falske verdivurderingar på eigedomar til å lure fleire norske bankar til å betale ut lån. I samanheng med bedrageria blei mannen også dømt for korrupsjon ved at han skaffa fleire urette eigedom-/tomtevurderingar frå ein takstmann. Han har også narra fleire kortselskap til å innvilge kredittkort til seg sjølv og kona.

Mannen blei også dømt for grov utruskap på nær 2,6 millionar kroner mot fleire verksemder han var dagleg leiar for i utelivsbransjen. I den samanhengen vart han også dømd for alvorlege brot på rekneskapslova. 

Mannen blei i samband med dette frådømt retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd, mellom anna å vere dagleg leiar eller å ha leiande stilling i noko selskap, og retten til å sitje i noko selskapsstyre.

Mannen blei som følgje av lovbrota dømd til å betale erstatning til dei fornærma på til saman 3, 9 millionar kroner, og fekk vidare dom på inndraging på til saman 3, 4 millionar kroner.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Geir Kavlie, tlf. 410 24 592.