Mannen dreiv mellom anna med kjøp og sal av fisk. Høgsterett har no halde oppe straffa frå lagmannsretten på fengsel i eitt år og åtte månader for kreditorunndraging av 2,8 millionar kroner, trygdebedrageri og brot på rekneskapslova. Han blei også dømt til tap av retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd for alltid, men frifunnen for kvitvasking etter str. § 317 annet ledd (at ein sjølv prøver å skjule kor utbytte stammar frå).

Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Henrik Horn, tlf 916 84 157.