Mannen er tidlegare dømt til fengsel i tre år og seks månader for å ha tatt i mot smørjingar. Spørsmålet lagmannsretten skulle ta stilling til var om inndragingssummen skulle setjas ned eller falle heilt bort, under tilvising til at mannen sin arbeidsgivar ikkje var påførd noko økonomisk tap som følgje av eitt av korrupsjonsforholda. Dette er første dom som eksplisitt gjeld inndraging av forteneste frå korrupsjon.

I dommen heiter det: ”Etter lagmannsrettens syn er de allmennpreventive hensyn som taler for inndragning av vinning ved grov korrupsjon, sterke. Det er ikke bare hensynet til medkontrahenter som kommer inn, men minst like mye samfunnsmessige hensyn som at korrupsjon virker konkurransevridende, er illojal overfor andre næringsdrivende og medfører at midler unndras fra beskatning”. Det at det i dette tilfellet ikkje var prov for at Statoil var blitt påført noko økonomisk tap som følgje av eitt av korrupsjonsforholda, innebar at inndraging var den einaste måten den korrupte arbeidstakar ville kunne fråtakast heile vinninga han hadde skaffa seg.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Helene Bærug Hansen, tlf 938 03 380.