Skattesviket gjeld perioden 2014 til 2019. Både mannen og kvinna er næringsdrivande. Frå 2014/15 til 2019 nytta dei ein rekneskapsførar som no er daud, til å utarbeide skattemeldingane.
Rekneskapsføraren var ikkje autorisert
Ekteparet var kundar av rekneskapsføraren som no er daud. Alle som i næring tek på seg å føre rekneskap for andre, skal vere autoriserte av Finanstilsynet. Rekneskapsføraren blei fråteken revisorbevillinga i 2000 og autorisasjonen som rekneskapsførar i 2013.
– Alle som betaler skatt i Noreg, har eit sjølvstendig ansvar for å sjekke at skattemeldingane er korrekte. Dette gjeld også for dei som nyttar rådgjevarar til å utarbeide skattemeldingane sine, seier politiadvokat Maja Salhus Røed i Økokrim.
Grovt skattesvik
Ifølgje tiltalen skal ekteparet ha gitt ukorrekte opplysningar til Skatteetaten, noko som førte til at dei betalte for lite skatt. Økokrim meiner at kvinna har ført opp fiktive frådrag og underskot i skattemeldinga/næringsoppgåva. Mannen skal ha late vere å opplyse om korrekt inntekt og utbytte som blei teke ut dei åra tiltalen gjeld. På denne måten skal dei tiltalte ha betalt til saman 2 307 823 kroner for lite i skatt over fem år.
– Når nokon ikkje betaler den skatten dei skal, fell den økonomiske skattebyrda på eit mindre antal borgarar. Skatteunndraging bidreg derfor til ei urettferdig fordeling av skattebyrdene. I denne saka er skattesviket grovt fordi det er utført på ein måte som i stor grad har gjort det vanskeleg å oppdage, og det har gått føre seg over tid, seier Røed.
Kontakt:
Maja Salhus Røed
Politiadvokat i Økokrim
kommunikasjon.okokrim@politiet.no
23 29 10 30 (08.00-15.45)
Relevante saker:
• https://www.okokrim.no/mann-doemt-til-fengsel-for-grovt-skattesvik.6656608-549344.html