Ein dagleg leiar, ein styreleiar og eit styremedlem i ei gjenvinningsbedrift i Vestfold vart i mars dømde til mellom 60 og 90 dagars fengsel av Vestfold tingrett. To selskap fekk bøter på 2,8 millionar kroner og 240.000 kroner for grove brot på forureiningslova etter ein brann i eit gjenvinningsanlegg på Linnestad i Re kommune i Vestfold i juli 2014.

Dommen er no rettskraftig etter at Agder lagmannsrett nekta å la ankene bli fremma. Lagmannsretten skriv mellom anna: "Man er på et område hvor straffens allmennprevensjon har sin klare berettigelse. Mangelfulle miljøtiltak ved avfallshåndtering vil oftere være påvirket av en kalkulert og overveid risiko og i mindre grad følgen av impulsive og uoverveide handlinger i øyeblikkssituasjoner."

- ØKOKRIM har tidlegare hatt fleire straffesaker mot selskap som driv med avfallshandtering, som er ein veksande bransje med moglegheiter for høg forteneste. Samstundes er faren for skader på miljøet stor, noko denne saka syner, seier førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland i ØKOKRIM.

Les meir om saka her (lenke) 

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland telefon 916 46 013