Saka gjeld fleire personar som har operert gjennom ulike selskap i same bransje over ein lengre periode og der dei fleste selskapa gikk konkurs. Den kritikkverdige verksemdstyringa har blant anna ført til omfattande tap for kreditorene, særleg i form av tapte inntekter for staten. Ein person er og dømt for trygdebedrageri. Tre av dei tiltalte er idømt rettstap.

I dommen heiter det om hovedtiltalte at han heilt konsekvent ikkje har innretta seg etter dei reglane som gjeld for næringsverksemd og har såleis vist eit vedvarande brotsleg forsett.

ØKOKRIM peiker på at konkurskriminalitet kan ha samfunnsskadelege verknader ved at useriøse aktørar får føremoner som går ut over dei som driv lovleg, og at illojale handlingar mot kreditorane er uheldige for den grunnleggjande tilliten som næringsdrivande er avhengig av.  

Dommen er ikkje rettskraftig.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Bård Thorsen, tlf. 414 54 172.