I 2008 blei det sendt inn omsetnadsoppgåve frå tre selskap der det blei kravt frådrag for inngåande avgift med til saman cirka fem millionar kroner i samband med kjøp av eit vareparti som ut i frå kjøpekontrakt/faktura skulle vore omsett mellom dei tre selskapa. Varepartiet var skildra og skulle innehalde 1200 par sko, 7500 bilete, 2500 merkeklede, 1000 møbel, 40 000 merkesolbriller og ein million diverse gjenstandar. Eit måleri av kunstnaren Anders Zorn (”Vårt daglege brød”) utgjorde vederlaget i ein av kontraktane. Måleriet har til orientering hengt på Nasjonalmuseet i Stockholm sidan 1886

Retten fann at det ikkje var nokon realitet i dei dokumenta som var meint å skulle legitimere frådraget og at selskapa såleis hadde lurt staten.

To av dei domfelte blei frifunne for ein av postane i tiltalen (kvitvasking). Retten fann det prova at  dei, slik den gjekk fram av tiltalen, hadde laga fiktiv kjøpekontrakt/faktura og at dei forstod at dokumentane skulle brukast i samband med meirverdiavgiftsbedrageri, retten meiner like fullt at tilhøvet som er skildra er å oppfatte som medverknad til meirverdiavgiftsbedrageri, ikkje kvitvask.  Da det ikkje var høve til å endre tiltalen bli dei to frifunne for dette tilhøvet trass i at retten fann at dei hadde gjort eit lovbrot.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Lene Hammersland, tlf 970 51 599.