ØKOKRIM ser alvorleg på lovbrota. Børsnoterte selskap har ei streng plikt til å handtere innsideinformasjon på ein forsvarleg måte, og loven krev ei konkret vurdering av om mottakaren av innsideinformasjonen er rette vedkomande i kvart einskilde høve. Loven gir ikkje noko generelt unntak frå teieplikta til selskapet overfor primærinnsidarar.

Kontaktperson i ØKOKRIM: Politiadvokat Jul Fredrik Kaltenborn, tlf. 984 07 165