Domfelte, ein tidlegare salssjef i Norsk Gjenvinning, blei i tingretten dømt til eitt års fengsel for korrupsjon. Mannen hadde tilstått å ha motteke noko over 360 000 kroner i smørjingar over ein periode på cirka ni månader frå eit belgisk selskap som var kunde av Norsk Gjenvinning. Mannen anka over straffutmålinga, men lagmannsretten endra ikkje straffa på eitt års fengsel. Lagmannsretten viste ved straffutmålinga til dommar frå Høgsterett og uttalte blant anna at: "Allmennpreventive hensyn gjør seg sterkt gjeldende i korrupsjonssaker, idet de samfunnsskadelige konsekvensene er så alvorlige". Lagmannsretten gav domfelte ein strafferabatt på 25 prosent som følgje av tilståinga hans.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiavdokat Jens Bachke, tlf. 959 98 403.