Det viser avgjerda til Høgsteretts ankeutval, og dermed er dommen endeleg.

Den tidlegare styreleiaren vart av Oslo tingrett i desember 2015 dømd til ei straff på fire år fengsel, eitt av dei på vilkår, i tillegg til inndraging av 6,5 millionar kroner og rettstap i fem år. Borgarting lagmannsrett skjerpa straffa til fire år vilkårslaust fengsel, inndraging av 6,5 millionar kroner og rettstap i fem år.

59-åringen har ifølgje dommen frå lagmannsretten gjort seg skuldig i korrupsjon og marknadsmanipulasjon, og ved å nytta innsideinformasjon oppmoda han til aksjekjøp, ga ulovlege råd og braut teieplikta. Juryen fann mannen skuldig i alle tiltalepostane i ankesaka.

I etterforskinga har ØKOKRIM fått viktig bistand frå styresmaktene i England, USA, Singapore, Russland, Kina, Hong Kong og Dei britiske Jomfruøyane.

Kontaktperson: statsadvokat Henrik Horn i ØKOKRIM, telefon 916 84 157