Mannen er også domfelt for sjølvvask ved å ha skjult utbyttet frå korrupsjonen, i det dei ulovlege inntektene blei rekneskapsført i selskapet hans. Han er også for alltid frådømt retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd og dømt til å betale erstatning med om lag 5,4 millionar kroner i solidaransvar med konsulenten.

Om grunnen til den strenge straffa heiter det at korrupsjonen ”har ført til at normale markedsmessige mekanismer settes ut av spill”, i tillegg til at det har skada foretaket sitt omdøme. 

Korrupsjonen omfattar smørjing på nesten sju millionar kroner som hovudmannen i saka, Statoilkonsulenten, har motteke i perioden 2003 til 2010. Stikkpengane er betalt dels for å oppnå leveransar til Statoil, og dels knytt til fiktiv fakturering mot Statoil ASA. Det var avtalt at konsulenten skulle få ein del av det fakturerte beløpet. Hovudmannen i saka blei i fjor dømt til fengsel i tre år og seks månader for å ha tatt i mot smørjingar. Ein tredje person i saka ventar på dom frå lagmannsretten.

Kontaktperson i ØKOKRIM: polititadvokat Helene Bærug Hansen, tlf 938 03 380.