Ifølgje tiltalen skal advokaten ha underslått klientmidlar som han var sett til å forvalte. Frå klientkontoar skal han ha teke ut til saman ca. 12 millionar kroner til andre føremål, sjølv om pengane var tiltrudd han for at han skulle forvalte dei.

I tillegg er den tidlegare advokaten tiltalt for investeringsbedrageri. Han skal ha lokka fleire personar i USA til å investere store beløp mot lovnad om sikker avkastning. Investeringsprogrammet var ikkje reelt og kunne ikkje gjennomførast. Dermed blei investorane påført tap eller utsett for fare for tap.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Arnt Angell, tlf. 916 46 005.