ØKOKRIM meiner det er vist straffskyld i samband med at det i konsernrekneskapen for 2006 blei inntektsført cirka 80 millionar kroner som det ikkje var grunnlag for. Selskapet var børsnotert, og dei urette rekneskapstala blei offentleggjorde ei rekkje gonger gjennom 2007 inntil rekneskapen blei korrigert i 2008.

Selskapet har tidlegare vedteke eit førelegg på fire millionar kroner for lovbrotet. Etterforskinga mot dei to tiltalte har vore tidkrevjande på grunn av utenlandsetterforsking.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Bård Thorsen, tlf.414 54 172